fredag 7. mai 2010

heime att

etter ein strålande månad i indonesia e me vel heime att. den store dannelsesreisa er over, og me sit att med ein brukbar brunfarge, masse opplevingar og ein tom bankkonto. yngve traff faktisk så godt med budsjettet at han kom heim med ein stad mellom 20 og 50 kr på kortet. iskald beregning.
reisa heim att var av det lærerike slaget. mellomlanding på 10 timar i kuala lumpur, og 12 timar i bangkok gjekk overraskande greit. og på flyet var eg så heldig at eg fekk sitte ved sidanav ein norsk pokerspillar med mange gode histroiar på veg heim att. han kunne fortelle kor dei beste horene va i thailand, og asia og for den del. dersom ein ville at jentene skulle leike med kvarandre måtte ein reise til filipinene, angels city. der va det vist nok både billeg og bra. ein kompis av han hadde rekorden med 7 jenter på ei gong. det skulla han og prøve neste gong. horene kosta tross alt bere 150 kr. men han driv ikkje på med slik så mykje nå lenger. han hadde fonni ei bra ei på 155 cm, 44 kilo og dessutan store pupper(noko som var ein sjeldanhet i asia). dessutan va ho jo gratis når ho budde med han. når eg ymta framom at eg kom til å ta ei sovepille, for å sleppe kvardagens kjas og mas, ver han raskt frampå med å fortelje korleis ein skulle lure tollen. sjølv hadde han 500 viagra i sekken som han skulle selje for 100 kr stykk. tommelfingerregelen va å gå på rødt og vere dum og blåaugd. læra om smugling tok sin tid det og. eg spurde han like godt om han og ikkje ville ha ei pille. det kunne han fortelje at han ikkje trong. han hadde nemleg eit par brett med valium til rådighet. forklaringa på kvifor ein skulle poppe valium framfor sovepille fekk eg utan å spørje. endeleg var det tid for mat. og eg håpa i det lengste at han ville få det travelt med å tygje framfor å prate. men han klara å gjere begge delar på ein gong. då kom han inn på kor drit flymat smaka og kva slags flyselskap som hadde dei beste flyvertinnene. omsider tok valiumen hans til å verke.
på det neste flyet vart eg kjent med ein norsk sjømann av same kaliber som den forrige. han hadde nesten dei same historiane, berre at han fortalde dei med eit merkbart høgare stemmeleie, og med spitånde og insisterande raudskutte auger. karen va omtrent 100 kilo med musklar og slitne innvollar, og ein slik som ein er enig med same kva han seier. eg anstrengde meg verkeleg for å vere enig med han, og eg lukkast tilsynelatande. for på tax free-en på gardermoen ga han med peace-tegnet og eit velmeint blunk, før han klirra seg mot tollen med gull rundt nakken.
da var det oppfriskande med kaffe på oslos mest utrivlege kafe, med oslos trivlegaste folk før me tok turen til bø, kor anders smila berre slik han kan smile.

det er verdt å nemne at på andre sida av meg, gjennom brask og brann, sat min trufaste reisekompis, yngve. som ska ha heder og ære, og så mange takk ein klarer å sei, før ein blir tørr i kjeften, for sitt tolmod, sinn og humør.
hjarteleg takk for turen yngve, det blir ikkje den siste!

lørdag 17. april 2010

kuala lumpur og bali

me kom oss ut av cambodsja i god tid foer visumet som varte i 60 dagar gjekk ut. med bali i tankane tok me ein mellomlanding i kuala lumpur i nokre dagar. det viste seg at schumacker, alonso og resten av formel 1 eliten va i byen samma helga. flaks tenkte me. deg viste seg at det skulle bli vanskeleg aa finne hotellrom, og umogleg aa finne bilrace billettar. jaja, tenkte me. det e bare moro naar dei krasjar likavel. me fant ut at me fekk komme oss opp i dessa tvillingtaarna da, for aa faa tatt turistbileta vaare. men det viste seg at dei var stengt. men, me kunne komme halvvegs opp vist me moette opp foer 8 paa morgonen neste dag. foer 8? - uaktuellt tenkte me. uansett ikkje saa toeft naar me berre kjem halvvegs, tenkte me. daa va det berre ein ting aa gjere. aa shoppe. som to nyskilde damer i 30 aarskrise traala me gjennom butikk etter butikk i det som viste seg aa vere eit gigantisk kjoepesenter. det romma fleir butikkar enn fristadsenteret, og hadde fornoyelsespark. naar me hadde bruka litt for mykje av dei pengane me eigentlig ikkje hadde, tok det ein liten halvtime berre for aa finne ut at. slik gjekk 3 dagar i KL. butikk, butikk, mat, butikk, kino, butikk, monorail, nytt kjoepesenter og saa vidare. men alt i alt var det litt forfriskande aa komme til ein storby att.

endeleg sto bali for tur. og etter timesvis med skryting og lovprising var yngves forventingar til aa ta og foele paa. for min del skuffa bali ikkje. surfen va bra. mi gorengen va nydeleg, smoothien va frisk og deilig, og alle folka va like blide. etter nokre dagar i kuta fekk me flytte inn hos min tidlegare landlord, natan. for 40 kroner natta nyt me no fasiliteter som kjoekken, stoge og veranda. 40 meter fra stranda og berre ein kort scootertur unna det meste. criben delar me med stine og elise. og naar me kjedar oss, sender me melding til sentralbordet her paa bali, heidi sandok, og lurar paa kva som skjer. dersom me ikkje er paa stranda eller surfar, ser me paa film, et, eller observerar kor fort ein daud valp raatnar i varmen. noko den gjer overraskande fort, skal eg sei dykk. det er med andre ord nok aa gjere.

i morgo skil eg meg fraa resten av gruppa for aa reise aa ein vikes lang baattur der me stort sett skal surfe. det skal vere 7 andre australierar paa turen, eg haapar dei tek med seg sink, og balisinglet.

ps: bali har nesten svara til forventningane(paradis paa jord) til yngve. ergo, det er heilt topp.

tirsdag 30. mars 2010

kambodjsa (angkor wat og fattigdom)

eg ynskte meg det meir autentiske asia, det du ikkje saag i brosjyrene t star tour. og eg fekk det. daa me me kom til kambodjsa var det endelause og utpinte jordlappar som raada, snarare enn internettcafear og hotell. paa landsbygda er det saa soendeleg at eg heller vil snu meg vekk enn aa sjaa det eg har soekt. familiar paa 5-6 bur i skur paa 10 kvadratmeter. dei som ikkje har noko arbeid, eller sin eigen vesle aakerlapp er noedt til aa plukke soeppel. nokre fiskar i den uttoerka elva. ei elv som er saa misfarga at sikta maa vere under 1 cm. elva er matfat og kloakkanlegg paa same tid. og stanken er til tider saa sterk, at om det ikkje hadde vore for skammen over at ein har 100 dollar i lomma, ville ein halde seg for nasen.
tigginga er overveldane, og ein har egentlig mest lyst til aa komme seg vekk.

eit par kilometer unna ligg byen siem rep. dette er byen som husar alle turistene til angkor wat. kontrastane er store, men byen klarar likavel ikkje skjule omgivnadane. over alt er det tiggande ungar. og ein maa passe paa aa holde paa den tjukke lommeboka, som trass i fleire maaltid og diverse transport ikkje har rukke aa bli stort lettare. alt kostar nemleg 1 dollar i kambodsja.

ei heilt annan oppleving blei det daa me besoekte angkor wat. nasjonalymbolet i kambodjsa og noko dei har god grunn til aa vere stolte av. eit storslatt skue, og tempelet blir bare meir og meir imponerande til naerare ein kjem. kvar einaste meter er sirleg dekorert med forteljingar og gudebilete. sjeolv taket er er dekorert. ein kan berre tenkje seg til kva slags logistikk som skulle til for aa lage tempelet.

planen va aa reise til laos etter kambodsja. men daa me fant ut at einaste planen me hadde for landet vaa aa drikke keonn fulle i gamle bilslangar fant me ut at det kanskje va like greit aa droppe heile greia. det faktum at det tar ubrukeleg lang tid aa reise over korte avstandar her gjorde avgjerninga lettare. saa viss me faar bilett saa stikk me til malaysia i morgo.

fredag 26. mars 2010

krabi, phi phi, phuket phi phi

eg maa beklage mine horder av ivrige fans og tilhengjerar med min latskap naar det kjem til blogging. det kan hende det kjem av at eg befinn meg i ein del av verda der latskap blir dyrka og heilaggjort. men slike unnskuldningar skal eg skaane dykk for. thailand er vakkert, det kan varte opp med krystallklart turkist vatn omgitt av dramatiske klipper og postkortstrender. kjoekkenet er spanande og saerdeles velsmakande. nudlar fraa mister lee og ris fraa onkel ben's bleiknar fort i forhold. dessutan er folket kjent for aa vere blide og hjelpsame. saa blide aa hjelpsame at thailand smykkar seg med tittelen "smilets land". med andre ord inneheld det alt det ein treng for aa lokke til seg turistar, og litt til. dette er thailands stoerste styrke, men desverre og stoerste svakhet. for det thailandske kjoekkenet er ikkje lie spanande naar det staar ved sidan av "svenske kjoettbullar" i menyen, som attpaatil er skriven paa norsk eller svensk. dei thailandske strendene er ikkje like vakre naar feite nordmenn ligg framom deg paa stranda og ropar etter meir oel. og dei thailandske smila er ikkje like sjarmerande naar dei kjem fraa 246 horer(sannsynlegvis ladyboys), ute paa byen.
saerleg eksotisk er det heller ikkje naar skreddaren heiter "holmenkollen tailor" og konkurrerer med naboen om aa sy norske bunader. kampen mellom gulskjortene og raudskjotene verkar uendeleg langt borte naar ein les om det i papirutgaven av dagbladet og vg, som sjoelvsagt er tilgjengeleg paa supermarknaden. som dykk skjoennar er turismen i thailand enorm, saerlig i fraa skandinavia. saa stor at smila til thai-ane anten har stivna eller gaatt over i dollarglis.
likevel har me vore her nesten ein maanad, og knapt hatt tid til aa blogge. det kan komme av at me har vore i godt selskap. stine og elise har dradd seg ut av australia og hengt med oss dei siste vekene. eller saa har det vore me som har hengt med dei. me har i alle fall hengt saman. i tillegg fekk elise besoek av astrid og ida. ein svert fin gruppe aa reise med med andre ord. saman har me besoekt vakre strender, tatt masage og t og med fanga ein 3 kilo stor baracuda.
i morgo er me imidlertid aaleine att, og da gaar turen til kambodsja eller laos. me veit ikkje heilt, og det er det beste med det heile.
me faar haape at dei landa er hakket meir autentiske.

tirsdag 9. mars 2010

koh tao

oya koh tao kryr av dykkerar. smaa og store, gamle og unge. ogsaa er det oss, som to gamle foreldre sit me at paa stranda daa dykkerane reiser uti, vinkar dei farvel og haapar det gaar bra. som to gamle foreldre legg me saa oss til i sola for aa brune huden, og faa rynkene yttlegare markert. som nokre gamle foreldre held me overraskande kort tid foer me maa i vatnet aa kjoele oss ner, men det er forjaeveleg varmt der og, og ordet pisslunka faar ein ny betydning. saa me reiser heller paa resturant og bestiller noko me ikkje kan namnet paa, men som like sikkert inneheld nudlar. som nokre gamle foreldre smattar me samstemde i at "mm, det va godt" sjoelv om me begge har smakt betre. saa etter det som foelest som heile dagen kjem dei opp att. heldigvis gjekk det bra med dei alle tenkjer me. og me haapar at ein av dei smaa borna skal komme aa dele opplevingane sine med oss, men alle bare strenar forbi. me faar ikkje hoere om saa mykje som ein fisk. og som nokre gamle foreldre sit me att, sure og grente, og forbannar oss over kor frekke dei dykkerane eigentleg er.
naar me blir leie av aa vere gamle foreldre saa maa me finne paa andre ting. hoppe fraa hoege steinar til doemes.foer eg seier noko meir, kan eg berolige dykk med at me lande mjukt, relativt jaffal, i vatn. me starta med 3, gjekk vidare til 9 og avslutta med 13. paa det sista drygde det i lengste langet med aa naa vassoverflata, og eg kan hugse at eg tenkte "aa fytti helvette". men yngve har fortalt at detta blei ikkje bare i mitt stille sinn, men at heile koh tao fekk hoyre mine lite velvade ord. men eg kom meg ner til slutt.
snorkle etter hai har me og proevd. her var det veldig viktig aa ikkje plaske med svoemmefoettene, sidan me da ville skremme bort haien. pinglehai. men naar ein har med seg ein som knapt nok klarer aa halde seg flytande (les: yngve) vart dette nermast som aa gaa paa jakt med ein dundrande cd-spelar under armen.
me faar halde oss til det ma kan: aa leike gamle foreldre.

onsdag 3. mars 2010

thailand


da me reiste t asia hadde me foelgande paa planen: "fullmoonparty", "tubing in laos" og surfing i indonesia. oersmaa ambisjonar og haaplaus planlegging med andre ord. me hadde ikkje peiling paa nokon ting ana, naar me kom t thailand, enn at me ville vekk fraa bangkok. det va difor rein og skjer flaks at me enda opp paa det nevnde fullmoonpartyet samme dag som me ankom thailand. for naar neste fullmaane kom til aa vere va for mykje forlangt at me skulle gidde aa finne ut sjeolv. uansett, det ordna seg for snille gutter. det som moette oss der va ein plass mellom 10 000 og 30 000 folk som nesten alle hadde dressa seg opp(eller ned) og pynta seg for anledningen. fullmoonbunaden besto av signalfarga shorts, helst groen, som sto i stil med svettebaanda ein hadde plassert rundt om paa kroppen. nokre jenter valde aa kle seg litt meir anstendig, med englevinger paa ryggen og katteoerer pa hovudet. om dette ikkje viste seg tilstrekkeleg skrikande pynta ein paa med kroppsmaling, i signal og sjoelvlysande fargar. ryggen, armane, fjeset, ingenting fekk vere i fred for malingskosten. mange nytta hoevet til aa kome med appellar, og standpunkt som til doemes:"I'm horny", "I'm a slut" eller "fuck me, I'm dunk".
alt kan skje paa ein slik fest. og yngve som har bruka store delar av turen paa aa klage over kor rotete og surrete tarjei er, fekk seg ein nasestyvar da han oppdaga at lommeboka plutseeg var sporlaust forsvunne. han hadde sjoelvsagt vore generoes nok til aa ta seg av pengane mine og, slik at eg ikkje skulle miste dei.
naar ein mistar baade sine eigne og andre sine pengar blir ein som kjent litt grinete. yngve valde aa la aggresjonen gaa ut over ein ladyboy, som var paa feil plass til feil tid. "det funker ikke det der, du maa barbere bryna dine bedre!" va beskjeden. paa klingane norsk sjoelvsagt, sidan han ikkje ville ha enda meir troebbel. men svaret var og av det norske slaget. eit velplassert slag i solar plexus.
alt i alt ein finfin kveld.

torsdag 18. februar 2010

tamarindo

costa rica er dyrt. om ein skal samanlikne det med guatemala, er det ubrukeleg. naar me maatte i minibanken kvar dag aa ta ut 500NOK, fant me ut etter 10 dagar at busjettet med 10000NOK i maanaden var i ferd med aa sprekke som ein svenske paa langrennsstafett. me maatte difr ta grep. og etter aa ha ledd haanleg over "fattigare" turistar fraa soer amerika, som maatte lage sin eigen mat, i halvannan maanad, vart det naerast som aa gaa paa fattighuset daa me maatte i supermarknaden aa kjoepe ingredienser. men naud laerer naken kvinne at spinne, saa naa staar det broedskive med banan paa menyen kvar dag.
og i stadenfor aa bruke pengar paa fine middagar og fest paa kvelden har me laant oss eit skatboard(omtrent fra den tida skating var ulovleg i noreg) og morar oss, heilt gratis, paa det. saa seint paa kvelden(saa ingen ser oss) reiser me til den lokale skateparken, som har ein toeff pool, og lagar blaamerker paa oss sjoelve. yngve dreg toffe linjer og flip ditt og datt. eg derimot ser ut som ein danske som har sett utfor den svarte skibakken. ikkje saerleg estetisk, men frykteleg moro.
sk8 or die.